On Dec 8, 5:55 pm, Trond Michelsen <trondmm-***@crusaders.no>
wrote:
[Snip Hareide går]
Post by Trond MichelsenMen, hvem skal overta? Er det egentlig noen norske trenere som utpeker
seg? Sollied og Solbakken blir jo for så vidt nevnt som alternativer,
men dette er vel stort sett bare fordi de er de eneste nordmenn som
trener utenlandske klubber.
Dei er vel strengt tatt dei einaste reelle Norske kandidatane.
Kjetil Rekdal er vel også ein kandidat, og eg trur kanskje han kunne
vore ein god landslagstrenar.
Mons Ivar Mjelde er eit anna navn, men han har vel ikkje det
internasjonale snittet.
Post by Trond MichelsenEr det på tide å se mot utlandet? Hvem vil i så fall være mest aktuelle?
Jeg antar at Sven Göran Eriksson og Guus Hiddink ikke er spesielt
realistiske alternativ :)
Det er typisk norsk å trekke nisselua ned over ørene og gjerne også
over augene, og tenke at vi klarar oss best sjølv.
Men ville det vore så ille om NFF hadde banka litt ekstra på
stortromma og sagt at vi har som mål å bli best i Skandinavia, og vi
er villige til å betale det det kostar?
Det er klart, ansettelse av landslagssjef aleine vil ikkje ordne det.
Men det gir ein signaleffekt. Det har blitt gjort utruleg mykje godt
arbeid rundt om i lokale idrettslag, det er fleire ballbingar enn
nokon gang, og futsal (som jo er teknikkfremjande som berre fyfy!) er
verkeleg på frammarsj. Det bør vere ein ny golden generation rett
rundt hjørnet, og med den rette landslagssjefen, som ikkje har eit
trillebår-lass av gamle koblingar til tidlegare regimer å dra på, så
kan vi kanskje hauste fruktene av dette.
Åge Hareide er ingen inkompetent fotballtrenar. Snarare tvert om. Men
han var feil person på feil plass til feil tid.
Vår neste landslagssjef bør vere ein person som kan stå imot
mediakravet om såkalla "attraktiv" fotball, som har klokketru på eigne
ferdigheiter og sin eigen filosofi, og som er karismatisk nok til å få
spelargruppa med på dette.
Norge må først og fremst få tilbake evna til å vinne fotballkampar på
regelmessig basis. Kan vi gjere det med frittflytande, hurtig
angrepsspel med tekniske lekkerbiskenar av ein anna verden, fint. (i
såfall, ring legen, eg hallusinerar) Viss ikkje, så må vi vere istand
til å vinne "ugly". Dei siste åra har vi ikkje vore istand til nokon
av delane.
Både Kjetil Rekdal og Trond Sollied (spesielt sistnevnte) framstår for
meg som dei einaste norske kandidatane som er autoritære nok til å
kunne gjere dette.
Når det gjeld utlandet, så er det kun fantasien som sett grenser.
Kan IRLAND hanke inn Trappatoni, så kan Norge gjere det bedre. Irsk
fotball får Tippeligaen til å framstå som Serie A.
--
Cato Myrkaskog