Spania var velfortjente vinnarar. Og i dag bør fokuset vere på dei.
Dei spelte god og attraktiv fotball, og utan å falle for dei
historiske feilgrepa deira tidlegare generasjonar har gjort.
Men når det spanske seierstoget jublande har satt kursen over dei
pyreneiske fjella og gått over til rituell oksedreping vil eg tru at
det vil vere eit og anna kritisk spørsmål som blir reist mot Tyskland.
"Football is a game of 90 minutes, and in the end the germans win" var
eit gullkorn fra Lineker i si tid. Og det var for det meste sant.
"Never underestimate Germany in a major tournament!" var eit anna, fra
Johannes Øvstidalen, 83. Og det var også sant.
"Nye" Tyskland har tatt mange med storm. Vekk er trauste libro-system,
maskinfotball og alt man har elska å hate Tyskland for i dei siste 20
åra.
Spesielt to ting er det som har vore i overkant sjokkerande. At ein
nasjon som har fostra Beckenbauer, Brehme, Kohler, Augenthaler, Thomas
Berthold, for å nevne nokon, ikkje skal ha betre midtstopparar enn det
som vralta rundt på bana i går er vanskelig å tru.
Mertesacker og Metzelder har sikkert sine gode sider, men saman var
dei ikkje gode. Til stadigheit var ein av dei feilplassert, og til
stadigheit lot dei spanias einslige spiss få trekke dei ut av
posisjon. Og til stadigheit lot dei spissen få sleppe mellom
midtstopppar og back, noko som også blei deira bane.
Og det andre som sjokkerte meg var aggressiviteten. Eller det totale
fraværet av. At eit tysk forsvar skulle la eit ball-trillande lag få
lov til å GÅ ball på 20 meter vil nok falle mange tyskarar vondt for
brystet. I "gamle" dagar kunne man i alle fall vere trygg på at det
ville gjere vondt for Spania å forsøke noko slikt. Ikkje før det heile
meir eller mindre var tapt såg vi at enkelte få av dei tyske spelarane
henta fram den gamle gløden og det tyske stålet.
Misforstå meg rett. Eg håpa Spania ville vinne. Eg håpa imidlertid at
Tyskland ville vere nærare enn dei var. For, alt det som eg har gått
igjennom over er ting som har gitt Tyskland suksess, og gjentatt
suksess. No har Tyskland gått sidan 1990 utan å vinne VM, og sidan
1996 utan å vinne EM. Tyske medier er kanskje ikkje like glupske og
rovdyraktige som dei Engelske, men eg vil bli svært overraska om ikkje
det i alle fall er enkelte som er ute etter blod etter å ha sett
Tyskland vere sjanselause i ein finale.
Den "revolusjonen" som Klinsmann starta, og Löw har vidareført kan no
stå i fare for å bli mot-revolusjonert.
Eg trudde eg skulle klare å skrive dette utan å nevne Bastian
Schweinsteiger. Men det går ikkje. At den mannen fekk fullføre kampen
får meg seriøst til å tvile på mr. Löw sine disposisjonar. Mannen
burde lenkast fot-til-fot med Thomas Hitzelsberger, og stillast opp
mot næraste bit av berlinmuren, slik at grensevakt Disl kan få
skytetreninga si.
--
Cato Myrkaskog
Sport utan offside er for slike som sit når dei pissar